fredag 17. september 2010

Rolandskvadet


Frå slutten av 1000-talet til starten av 1300-talet blei det skrevet ned rundt 80 heltedikt, opphavleg som propaganda mot maurarane i Spania. Dikta er dramatiske historier om riddarar frå den germanske folkevandringstida. Handlinga tek føre seg den modige ryttar til hest, som vart villig til å ofre alt for sine eigne.

Rolandskvadet er det eldste heltediktet vi har, og vart skrive ned på 1100-talet i Frankrike. Det fantes fleire utgåver, det lengste på 4000 verselinjer. Diktet vart berekna for munnleg framføring, og blei ofte lest av gjøglarar til musikk. Det blei godt spreie i Europa, ettersom det blei oversatt til så mange ulike språk.

Historia dreiar seg om slaget ved Roncevaux. Karl den store og hans tolv kjempar er i krig. Vi treffar blant anna Roland, som er leiar for keisarens hær. Han får eit horn han kan bruke viss dei treng hjelp i kampen, men Roland ser på det som ein svakheit, og vil ikkje bruke det. Alle mennene fell, og først da bles han i hornet. Roland innser til slutt sin feil, og tek på seg skulda. Det heile endar med at han syndar til Gud før han døyr.

Konflikten her handlar om å vise styrke og ære, framfor å vere klok. Roland er overmodig, og nektar å få hjelp utanfrå. Han vil ikkje vere svak, og vil sjølvsagt vinne kampen sjølv. Derfor må han betale sin pris.

Kjelder:
Dialekteksperten
SNL
Fronter
Foto:
Katolsk