torsdag 4. februar 2010

Snømannen

Snømannen er ein krimroman som blei gitt ut i 2007 av Jo Nesbø. Med sine fem seksarar på framsida er dette ein av Noregs raskast solte romanar nokon sinne.
Boka handlar om politietterforskaren Harry Hole, ein mann i førtiåra som sliter med sitt alkoholproblem. Saman med ein gruppe frå Voldsavsnittet etterforskar han nå drapet på Birte Becker. Sonen hennar hadde vakna midt på natta og oppdaga at ho vart borte. Det låg smelta snø i gangen, og ute stod ein ukjent snømann og kikka på huset deira. Fleire og fleire blir drepne, og Harry får underlege brev underteikna Snømannen. Etter kvart ser han samanhenger til eit drap frå 1980. Det viser seg at dei nå er på sporet av ein seriemordar som drep ein etter ein på utspekulerte og brutale måtar. Drapet finner sted kvar gang den først snøen fall, og den iskalde mordaren etterlat seg alltid ein snømann. Dette gir ein verkelig utfordring for Harry og etterforskingsgruppa.

Måten Nesbø skriv på er direkte, rå og ekkel, men likevel veldig spennande.
Han får boka interessant frå første side, og til tider kan det vere skummelt å lese vidare om dei groteske drapa. Skildringane er spesielt gode, han beskriv og samanlikner hendingar på måtar som kan få lesaren til å sjå ting frå nye sider. ’’Klokka var elleve på formiddagen da digre snøflak uten forvarsel kom ut av en fargeløs himmel og som en armada fra det ytre rom underla seg jordene, hagene og plenene på Romerike.’’
Forfattaren får både frem mordarens utenkelege hat, og samtidig den ulykkelige kjærleiken Harry slit med på ein svært god måte. Lesaren får altså eit stort innblikk i både kriminalgåta og hovudpersonens privatliv.
Denne krimromanen kan eg verkelig anbefale å lese, så sant du ikkje likar honningdrypande solskinshistorier.



Kjelder:
http://no.wikipedia.org
http://youtube.com
Foto:
http://www.blamannbok.no