torsdag 4. februar 2010

Snømannen

Snømannen er ein krimroman som blei gitt ut i 2007 av Jo Nesbø. Med sine fem seksarar på framsida er dette ein av Noregs raskast solte romanar nokon sinne.
Boka handlar om politietterforskaren Harry Hole, ein mann i førtiåra som sliter med sitt alkoholproblem. Saman med ein gruppe frå Voldsavsnittet etterforskar han nå drapet på Birte Becker. Sonen hennar hadde vakna midt på natta og oppdaga at ho vart borte. Det låg smelta snø i gangen, og ute stod ein ukjent snømann og kikka på huset deira. Fleire og fleire blir drepne, og Harry får underlege brev underteikna Snømannen. Etter kvart ser han samanhenger til eit drap frå 1980. Det viser seg at dei nå er på sporet av ein seriemordar som drep ein etter ein på utspekulerte og brutale måtar. Drapet finner sted kvar gang den først snøen fall, og den iskalde mordaren etterlat seg alltid ein snømann. Dette gir ein verkelig utfordring for Harry og etterforskingsgruppa.

Måten Nesbø skriv på er direkte, rå og ekkel, men likevel veldig spennande.
Han får boka interessant frå første side, og til tider kan det vere skummelt å lese vidare om dei groteske drapa. Skildringane er spesielt gode, han beskriv og samanlikner hendingar på måtar som kan få lesaren til å sjå ting frå nye sider. ’’Klokka var elleve på formiddagen da digre snøflak uten forvarsel kom ut av en fargeløs himmel og som en armada fra det ytre rom underla seg jordene, hagene og plenene på Romerike.’’
Forfattaren får både frem mordarens utenkelege hat, og samtidig den ulykkelige kjærleiken Harry slit med på ein svært god måte. Lesaren får altså eit stort innblikk i både kriminalgåta og hovudpersonens privatliv.
Denne krimromanen kan eg verkelig anbefale å lese, så sant du ikkje likar honningdrypande solskinshistorier.



Kjelder:
http://no.wikipedia.org
http://youtube.com
Foto:
http://www.blamannbok.no


4 kommentarer:

  1. Dette var en veldig bra annmeldelse. Jeg fikk virkelig lyst til å lese denne boka. Det er kult at du bruker et eksempel(sitat) fra boka. Det er også bra at du forteller mye om hva du synes om boka.

    SvarSlett
  2. Einig med Mats Silje! Eg fekk også lyst til å lese boka nå. Spesielt etter at eg såg den lille videosnutten. Fint at du tar med eit døme i frå boka, fint om du kunne hatt dette i kursiv for å markere eit skilje i teksten, slik at når ein som lesar skummar gjennom teksten , på overflata, kan sjå at midt i teksten er det eit utdrag :) Har med det estetiske å gjere :) Du har ein nydeleg blogg- du må lære meg korleis du gjer det :) Fin bruk av peikar og hyperlink :)

    SvarSlett
  3. Veldig, veldig bra skrevet! Likte innledninga veldig godt. Du fanger oppmerksomheten min helt fra starten, og må si meg enig med Anita og Mats, jeg får virkelig lyst å lese boka. : ))

    SvarSlett
  4. Bra skrevet, jeg fikk veldig lyst til å lese boka etter din gode anmeldelse og beskrivelse av boka !

    SvarSlett