fredag 12. november 2010

Ambassadørene

Frå 1500-talet snakkar vi om ein ny tid i Europa, renessansen. Middelalderens sterke band til kristendommen forsvann , og menneske fikk ein sentral plass i skaparverket. Filosofi frå antikkens Hellas og Roma fikk sjå dagens lys igjen, og ein tid med sjølvstendig tenking var i gang.

I 1533 malte Hans Holbein «Ambassadørane». Bilete viser to velkledde herrar som lenar seg inntil eit bord. Personen til venstre skal vere Englands ambassadør, Jean de Dinteville, mens personen til høyre er George de Selve, begge frå Frankrike. Maleriet blei opphavleg bestilt av Jean de Dinteville, for å hengje i ein spiraltrapp på slottet.

Som vi kan sjå på bilete er herrane staseleg kledt med både pels, hatt og smykkar. Fargane er djupe og svarte, noe som viser at det er velståande folk, med makt og rikdom. Dette seier også mykje om korleis tid dei er i.
Men det er ikkje berre herrane som uttrykker dette. På bordet kan vi sjå fleire ting som pekar mot noko som blei sett på som meir og meir meiningsfullt: geometri, matematikk og astronomi.

Ein mattebok, ein passar og ein linjal kan tyde på interessa for matematikk og geometri. Men ein annen teori seier i samtidig at det viser herranes engsting for den religiøse splittinga i Europa på den tida.
Vi kan også skildre ein globus og eit kompass, som uttrykkar at det var ein tid med utforsking av andre delar av verda. Stjerneglobusen kan vise interessa for universet og astronomi.

Det som kanskje skapar størst oppmerksemd er den skeive figuren mellom dei to herrane. Det var nemlig slik at om man så bilete på skrå, viste det ein hovudskalle. Da Jean de Dinteville hadde maleriet på slottet, kunne folk som gjekk opp spiraltrappa sjå hovudskallen frå rett perspektiv. Det hadde sannsynligvis ein hensikt med å minne alle på at døden var uunngåeleg.

Kjeldar brukt 12.11.10
Portal
Grip teksten VG2, Aschehoug

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar